BISPEVISITAS 2026


BISPEVISITAS 2026


20.-22. oktober og 25. oktober kjem biskop Ragnhild Jepsen på visitas her på Tysnes.

Biskopen sitt føremål med visitasen er å støtta, inspirera og rettleia kyrkjelydane og tilsette, og gjera kyrkja sitt nærvær synleg i lokalsamfunnet. I løpet av desse dagane skal biskopen bli kjent med Tysnes-samfunnet, og ho skal vera med på ulike møter, arrangement og gudstenester. Her er det på programmet som er ope for alle som ynskjer og delta:

Tysdag 20. oktober

Kl. 09.45-10.15: Morgonbøn i Uggdal kyrkje
Kl. 12.00-12.30: Babysong på Tysnes omsorgssenter
Kl. 15.30-16.30: "Supermåndag" med middag i Kyrkjeståvo
Kl. 19.00-19.45: HEL-gudsteneste i Onarheim kyrkje v/Marit Espedalen - fokus på inkludering og mangfald
Kl. 19.45-20.45: Kyrkjekaffi/mat: Samtale med kulturlivet på Tysnes

Utanom dette skal biskopen ha stabsmøte på kyrkjekontoret, og på bedriftsbesøk hos Alsaker Fjordbruk.

Onsdag 21. oktober

Denne dagen skal biskopen møta elevar og lærarar på Tysnes skule, og ho skal ha møte med kommunen. Ho skal også treffa fellesråd og sokneråd.

Torsdag 22. oktober

Denne dagen er det prostidag på Tysnes. Dagen startar med fagdag for dei tilsette, før alle sokneråd og andre er velkomne til middag og andre del av fagdagen:

Kl. 16.00-16.30: Middag i Kyrkjeståvo (påmelding til sokneråda)
Kl. 16.30-18.30: Fagdag fortset med sokneråda og frivillige i Kyrkjeståvo
Kl. 19.00: Jubileumsgudsteneste i Uggdal kyrkje (150 år) v/biskop Ragnhild Jepsen. Lokale musikalske krefter deltek, mellom anna Øyvind Kleppe.

Søndag 25. oktober

Kl. 11.00: Visitasgudsteneste v/biskop Ragnhild i Tysnes kyrkje. Kammerkoret deltek.
Etterpå: Visitasforedrag v/biskopen i Kyrkjeståvo, før kyrkjekaffi og kaker

Me ser fram til ei flott veke med bispevisitas, og håpar å treffa mange tysnesingar!

Foto: Bjørgvin bispedømmekontor

Tilbake