KONFIRMANTFESTIVALEN 2026


KONFIRMANTFESTIVALEN 2026


Søndag reiste 22 konfirmantar og 5 vaksne til årets konfirmantfestival på Norheim ved Haugesund.

Festivalen starta med eit kjekt opningsshow der SAMMEN-teamet deltok med lovsang og dans. Deretter var det tid for å gå til RUSH trampolinepark, kor ungdommane fekk hoppa frå seg. Når ein har brukt opp energi er det viktig med påfyll, så då hoppetida var ferdig gjekk me til kyrkja for å eta pizza. Etterpå kunne ein velja mellom mange ulike aktivitetar, alt frå sumobryting til karaoke, før festivalen vart avslutta med premieutdeling og gudsteneste. Konfirmantane våre vann både Sjømannskirken sin quiz og konkurransen om å bygga høgast tårn, og reiste heim med mykje godteri i bagasjen, men også nye vennskap. Takk for ein fin dag!

Tilbake