LYS VAKEN I KYRKJA


LYS VAKEN I KYRKJA


Laurdag 8. november ramla det inn med fjerdeklassingar med soveposar og liggeunderlag i Tysnes kyrkje – dei skulle nemleg sova i kyrkja!

Fyrst på programmet var det velkomst, frukt og bli kjent-leik. Etterpå fortalte Isabell bibelhistoria om Samuel som var lys vaken for Gud, før me hadde gudstenesteverkstad. Me skulle nemleg hjelpa til på gudstenesta dagen etterpå, og me øvde på song, prosesjon og teikn til samlingsbøna. Me skreiv óg bøner på ark som me bretta til papirfly. 

Etter ei god arbeidsøkt var me svoltne alle mann, så då gjekk me bort i Kyrkjeståvo der flinke foreldre hadde ordna med taco. Etter maten måla me på “glasmaleri” med bilete av julekrybba, før det var tid for film og laurdagsgodt. 

Då filmen var ferdig, var det mange tunge augelokk å spora. Me gjekk tilbake til kyrkja, og danderte soveplassane (det var tydeleg at mange hadde øvd på å blåsa opp madrassa si, for det gjekk som smurt!). Det var veldig uvant og spennande å liggja i kyrkja, så det vart kviskring og tisking i bortimot to timar, men til slutt greidde alle å finna roa. 

Neste morgon vakna borna litt etter litt – nokon hadde sove godt, andre meinte dei ikkje hadde sove i det heile. Etter me hadde pakka, kledd oss og pussa tenner, gjekk me bort i Kyrkjeståvo for å eta frukost. Etter mat hadde me eit par leikar, før me gjekk tilbake til kyrkja og gjorde oss klare til gudsteneste. 

Det vart ei flott gudsteneste med to dåpar og framifrå deltaking av Lys vaken-deltakarane – dei song, viste teikn, leste bibeltekst og tente lys. Høgdepunktet for mange var nok då dei fekk stå på galleriet og kasta papirfly med bønene sine utover kyrkjelyden under forbøna. Tusen takk for ei flott helg med ein så fin gjeng – me er heldige som får låna borna dykkar! 

Tilbake