Går du i 1.-7. klasse og likar å synga? Då er du velkommen til Tysnes barnekor!
Det er André Eide og Isabell Østby som vil leia koret. Me øver kl. 17.15-18.15 i Kyrkjeståvo. Øvingsdatoar i haust vil bli:
Torsdag 4. september
Torsdag 11. september
Torsdag 2. oktober
Torsdag 23. oktober
Søndag 26. oktober: Synga på familiegudsteneste i Tysnes kyrkje med utdeling av 4-årsbok
Torsdag 30. oktober
Torsdag 13. november
Torsdag 27. november
Laurdag 29. november: Synga på “skumringstur i adventstid” i Kyrkjeståvo
Torsdag 11. desember
(Julaftan: Synga på julegudsteneste??)
Me gler oss, og håpar du kjem!
Spørsmål? Kontakt Isabell på tlf. 48 12 33 10.