Måndag 16. juni, kl. 11-13, er det tid for siste småbarnstrall i Kyrkjeståvo før sommaren.
Småbarnstrall er eit tilbod for born i alderen 0-3 år. Éin måndag i månaden samlast me i Kyrkjeståvo til songstund, leik og matpakkelunsj. Me stiller med juice og kaffi til dei som ynskjer det.
Hjarteleg velkommen til ei koseleg stund for store og små!