Ein regnfull ettermiddag i juni var det 12 små som kom saman med foreldra sine (og ei storesyster) til Krøllekveld i Tysnes kyrkje.
Nokre syntest det var tryggast å sitja på mamma eller pappa sitt fang, medan andre slo seg ned på putene i halvsirkelen til samlingsstund – dette var dei vane med frå barnehagen! Først fortalde Isabell historia om gjetaren som eigentleg hadde 100 sauer, men der ein sau – lille Krølle - hadde forsvunne frå flokken. Me song “Bæ bæ lille lam” for å sjå om han kom fram, men det hjelpte ikkje. Me måtte derfor ut og leita etter Krølle.
Me gjekk rundt i kyrkja, og fann både sauebjølle, sauespor og ull som hang fast i ei grein – men ingen Krølle var å sjå. Då me kom fram til lysgloben, tente me eit lys for kvart av borna, før me dansa og song til “Det lille lys eg har”. Etterpå fekk alle som ville, kjenna på vatnet i døypefonten (heldigvis hadde ikkje Krølle hamna oppi vatnet). Me leita etter Krølle på beitet inni alterringen, og dei som torde var oppe på fjellet (preikestolen) for å speida etter Krølle - men han var søkk vekk.
Etter å ha leita så mykje var me blitt både svolte og tørste, så då tok me ein pust i bakken med litt frukt og saft. Då me hadde fått påfyll av energi, song me “Bæ bæ lille lam” ein gong til – og jammen høyrde me ikkje nokon som brekte! Me følgde etter lyden, og fann til slutt Krølle bak altaret. Krølle vart boren ned til resten av flokken, og der hadde han ei gåve til alle borna – dei skulle få kvar si “Lille sau går seg vill”-bok. Før me gjekk heim, song me “Kjære Gud eg har det godt” - ei fin avslutning på ei kjempekjekk Krølle-samling i kyrkja :)