Helga 8.-9. november ynskjer me alle 4.-klassingar velkomne til å overnatta i Tysnes kyrkje.
Arrangementet startar kl. 18 på laurdagskvelden. Då skal me bli kjende, ha gudstenesteverkstad, eta taco og laurdagsgodt, leika og gjera mykje kjekt. Og ikkje minst - overnatta i kyrkja! På søndagen er det frukost, før me deltek på gudstenesta kl. 11. Har du ein 4.-klassing som har lyst til å vera med? Meld han/henne på her:
https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=266e8936-7bf1-46a7-9d67-233209506e9c
Ta kontakt med Isabell på 48 12 33 10 eller io334@kyrkja.no om de lurar på noko.
Påmeldingsfrist onsdag 29. januar.
Bilde: Den norske kirke/Rianne van den Brink