DROP-IN-BRYLLAUP


DROP-IN-BRYLLAUP


I år, som i fjor, inviterer me par som ynskjer å gifta seg til drop-in-bryllaup på sjølvaste valentinsdagen 14. februar kl. 12-17.

Denne dagen kan du komma og få gjennomført ein vigsel utan at det kostar noko. Det einaste som er påkrevd er at ein tar med dei nødvendige papira frå Folkeregisteret som godkjenner at ein kan få gifta seg (prøvingsattest). Desse papira får ein digitalt, og det tek ikkje så lang tid no i den digitale verda.

Kvifor velja drop-in-bryllaup?

Førestellinga om kyrkjebryllaup er ofte stort selskap, mange gjester og stort budsjett. Slik treng det ikkje vera. Bryllaup er feiring av kjærleiken - uansett. Når ein giftar seg, set ein ekteskapet og forholdet inn i ein større samanheng. De og livet dykkar blir bedt for i ei vakker kyrkje, med musikk og tekstar som rører ved livet.

I drop-in-bryllup kan ein komma i joggesko og berre ha med vitne (forlovarar) eller ein kan pynta seg og ha med gjester om ein vil det. Me i kyrkja på Tysnes kjem til å dekka bord og servera kake og kaffi i Kyrkjeståvo for dei som måtte ha lyst til å komma innom.

Kjenner de at de har lyst til å nytta dette høvet, er de hjarteleg velkomne til Tysnes kyrkje Valentinsdagen 14. februar. Det er ingen påmelding, men om de vil kan kan de gje oss ein lyd på førehand slik at me enklare kan fordela tidspunkt for vigslane.

Les meir om drop-in-bryllaup her: https://www.kyrkja.no/nb-NO/bryllup-i-den-norske-kirke/drop-in-bryllup/

Bestill prøvingsattest her: https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/ekteskap/ekteskap/i-norge/veien-til-ekteskapet/

Tilbake