Ledig stilling

 

Den Norske kyrkja

Tysnes kyrkjelege fellesråd

 

 

 

Tysnes kommune ligg sentralt i Sunnhordland, og har om lag 2800 innbyggjarar. Fellesrådsområdet femner om Tysnes, Onarheim , Uggdal og Reksteren sokn, med 4 kyrkjer. Fellesrådet er arbeidsgjevar for 5 tilsette, i tillegg er det 1 prest. Administrasjonsmålet er nynorsk.

 

 

 50 % STILLING SOM KANTOR / ORGANIST I TYSNES

 

Oppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar – og saman med stab og uløna medarbeidarar bidra til å utvikla gudstenesta og styrkja musikken og songen.
  • Legga til rette for at kor, orkester, forsongargrupper og andre kulturelle bidragsytarar jamnleg tek del i gudstenester og kyrkjelege aktivitetar.
  • Samarbeid med sokneråd og stab om arrangement, trusopplæring og temakveldar.
  • Stillingsbeskrivelse vil fastsettast i samarbeid med den som vert tilsett.

 

 

Ved tilsetjinga vert det mellom anna lagt vekt på:

  • Kantorutdanning i samsvar med tenesteordning for kantorar. Dersom søkjar ikkje innfrir desse krava vil søkjar med anna relevant utdanning/erfaring bli vurdert
  • Erfaring frå kyrkjeleg arbeid som tilsett eller som uløna medarbeidar
  • At søkjar er allsidig og trygg i ulike musikalske uttrykk
  • At søkjar er personleg eigna samt har evne til samarbeid og fleksibilitet

 

 

Løn etter KA sin tariff

Pensjonsordning i KLP

Søkjar må vera medlem av Den norske kyrkja

Den som vert tilsett må leggja fram tilfredsstillande politiattest, jfr. Kyrkjelova §29

 

Fleire opplysningar kan ein få ved å venda seg til kyrkjeverje/ dagleg leiar

Marianne Storetvedt, telefon 53437125, eller via e-post : kyrkjeverje@tysnes.kommune.no

 

 

Søknad med CV samt kopiar av vitnemål, attestar og referansar verdt å senda til

 

 

Tysnes kyrkjekontor

Uggdalsvegen 301

5685 Uggdal

 

                                                                       Søknadsfrist:  05.02.2018

18. februar 2018 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando