Kyrkjelege handlingar
 DÅPEN
 Dei som ønskjer dåp tek kontakt med kyrkjekontoret for å avtala ein dato. Du vil få tilsendt skjemaet "Dåpsmelding". Barnet skal ha minst to fadrar, maksimum seks. Foreldra kan ikkje vera fadrar sjølve. Barnedåpen skjer normalt i høgmessa på søndagar, men i enkelte høve kan ein også leggja dåpen til eiga dåpsgudsteneste. I veka før dåpsdagen tek presten kontakt med foreldra for å gjennomføra ein dåpssamtale.

Lenker:
Dåpskladd.pdf
Den Norske Kyrkja
Velge fadrar
 KONFIRMASJONEN
Her kjem det meir info etter kvart. Kontakt kyrkjekontoret på tlf 53 43 71 22

Konfirmasjonsdatoar for 2014-2015 vert fylgjande:
Tysnes kyrkje:       26.04 kl. 11.00
Reksteren kyrkje: 26.04  kl.11.00
Uggdal kyrkje:       03.05 kl.11.00
Onarheim kyrkje:  03.05 kl.11.00

Den Norske Kyrkja
PÅMELDING TIL KONFIRMASJON.pdf
Informasjon om konfirmasjonstida.pdf
  VIGSEL
Dei som ønskjer å gifta seg må først ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtala ein dato for bryllupet. Vigselspapira får du ved å venda deg til folkeregisteret. Du leverer dei ferdig utfylte papira på folkeregisteret. Betalingssatser for brudepar som ikkje er busette på Tysnes er kr. 5.400.-.

Den Norske Kyrkja
Orientering om vigsel
Vigsel ritual
Vigsel brosjyre
Vigsel Planark
  GRAVFERD
Det vanlege er at ein etter eit dødsfall tek kontakt med eit gravferdsbyrå, som gjev beskjed vidare til kyrkjekontoret. Presten vil ta kontakt med dei pårørande for samtale. Dersom du ikkje ønskjer å nytta gravferdsbyrå, tek du kontakt med kyrkjekontoret direkte. Betalingssatsar ved gravferd der avdøde var busett i ein annan kommune er kr. 8.400.-

Gravferdslova
Gravferdsliturgi
Den Norske Kyrkja

14. august 2018 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando