Pilegrimsvandring for konfirmantar
Pilegrimsvandring for konfirmantar

Torsdag 26.oktober kom årets konfirmantar til Onarheim kyrkje for å gå pilegrimstur. I våpenhuset fekk dei litt informasjon om pilegrimsvandring før og no. Dei fekk utdelt kvar sin vandrestav og pilegimspass. Me les salme 23 før me begynte vandringen. Det første me møtte på var den blinde Bartimeus, me snakka litt om han og kvifor han fekk synet sitt igjen av Jesus. Batimeus blei med oss vidare på vandringa. Pilegrimane var svoltne etter ein lang skuledag og blei difor glad då me traff på ei dame som hadde boller .Då var det berre til å visa fram pilegrimspasset sitt og vips så var bolle oppeten, og me kunne gå vidare med nytt mot .Neste stopp var ved "suskahålo", . I Bibelen kan me lesa om David i løvehåla, og om Lasarus og Jesus som vart lagt i ei gravhåle. Pilegrimane fekk høra om ICHTHYS, forteljinga om dei kristne som blei forfulgt for si tru. Lenger opp på vegen kom me til eit vegskille. Der orienterte Marit oss om dei forskjellige valga me har i livet og om konsekvensa av dei valga me må ta. Me song " Du er evig,du er nær meg, du er lys og eg er din" før me gjekk vidare. Me fekk bruk for alle sansane våre på resten av vandringa, me lytta, me såg, me tok til og med av oss på beina for å føla. Siste stykket mot toppen tok me, som eitt  symbol på noko vondt eller vanskelig, med oss ein stein og la den i frå oss ved korset på toppen. Veret var både surt og kaldt, og nokon hadde nok litt for lite kle på seg, difor smaka det sers godt med varm hotdogs og nysteikte skillingsboller som me fekk servert på toppen. Pilegrimane syntest det var kjekt å gå på vandring ilag, litt annleis en "berre" vera i kyrkja på undervisning.



14. august 2018 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando