6 årsbok
6 årsbok

Tirsdag 12. september rett etter skulen inntok 21 forventningsfulle  førsteklassingar Tysnes bedehus. Det var tid for 6 års klubb.

På programmet stod det mykje kjekt, men aller først måtte me bli kjent med kvarandre. Anne Merete hjelpte oss å klappa til kvart navn, nokon fekk berre eit og to klapp, mens andre fekk heile fem klapp. Me song mange fine songar, leikte kjekke leikar og lærte at Gud har skapt heile verda tilog med små tussaluser , men det aller flottaste han har skapt er oss menneske. "Jesus elskar alle borna" song me mange gonger for den songen synest me var kjempefin. Frå 6 årsboka som alle skulle få utdelt i gudstenesta på søndag fekk me dramatisert eit lite utdrag, det var veldig spanande!  Tid for matpause hadde me også. Det var to snille bestemødre som hadde laga til hot dogs, og det smaka godt for skrubbsvoltne 1. klassinga. .'

Etterpå gjekk me ut og sprang nokre rundar før me fekk gå ein tur inn i kyrkja . Me måtte jo øve på å gå inn i prosesjon og på å syngja dei songane som me skulle framføra på søndagen.

Då me kom tilbake til bedehuset tegna alle noko som Gud hadde skapt, og så arbeida me med dei fine arbeidhefta som me fekk. Stor flotte fruktfat blei sett fram og det smakte godt for både små og store.

Søndag 17. september var det 6 års gudsteneste i Tysnes kyrkja. Alle seksåringane gjekk så fint og høytidelig inn i prosesjon. Og gjett om det var stas å få komma fram og syngja, spesielt høgt song me " Kven har skapt alle blomane" .  Alle dei flotte tegningane dei hadde laga hadde Marit hengt opp framme under prosesjonskorset, og dei handla nettopp om det Gud har skapt. Marit blåste til og med ein  jordklode av såpebobler og fortalte kor viktig det er å ta vare på kvarandre og jorda vår, for me er lika skjøre som ein sommerfugl. 

Reidun og Heidi delte ut 6 årsbøkene til alle som kom i kyrkja, og dei som ikkje hadde anledning til å vera der kan komma på kyrkjekontoret og få boka si ein gong det høver. Ei fantastisk flott gudsteneste.



14. august 2018 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando