KYRKJEBURSDAG-PINSEFEST
KYRKJEBURSDAG-PINSEFEST

Uggdal kyrkje var pynta med ballongar og fleire langbord var dekka til fest, som seg hør og bør til ein bursdagsfest ." Martin Luther" stod i døra og tok imot små og store til kyrkjebursdagsfest. Marit prest ynskte alle velkommen og lurte på om 2. klassingane, som var spesielt inviterte, hadde klart å løysa navne- mysteriet: MAJESRUTSIN . Ho bad "Maritn Luther" om hjelp, og han kunne fortelja at han hadde 500 års jubileum og at det eine navnet var hans, det andre navnet byrja på JES og då var det fleire av borna som viste at JESUS var den andre som skulle feirast. Marit sa at  Gud blåste sin heilage ande ned til læresveinane slik at dei kunne fortelja til alle om Gud og Jesus. Det var kyrkja sin begynnelse og dirfor feira me kyrkjebursdag i pinsen. Tysnes barnekor gledde oss med fine songar og jammen fekk me alle vera med på "flokesongen" før me benka oss rundt borda. Hot dogs, kaker og boller gjekk ned på høykant og den eine saftmugga føre den andre blei tom på eit blunk. 

Velsignelsen blei lest medan mange fargerike ballongar kom svevande ned over oss frå galleriet. Avslutningsvis lagde me ein stor ring rundt kyrkja og song bursdagsongen til henne.



16. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando