Tårnagenthelg
Tårnagenthelg

Årets tårnagenthelg gjekk av stabelen 11.- og 12. mars i Tysnes kyrke. Tjueto tårnagentar fekk passord og agentkort med fingeravtrykk før dei smaug seg inn i kyrkjerommet og gjennom ein labyrint fram til koret. Undervegs møtte dei hindringar og då var passordet viktig å huska for å komma seg vidare. Velkomst med saft og frukt før agentane presenterte seg med agentnummer og sitt hemmlige tegn, stor kreativitet. Me øvde intenst på Tårnagentsongen heile dagen, lærte om symbola i kyrkja og hadde ein symbolquiz med imponerande resultat!! Me fekk besøk frå ein superagent som kunne alt om å leita etter spor og løysa mystiske saker. Politibilen hans var stappfull av spanande agentutsyr og den hadde både blålys og sirene!! Oppe i tårnet var det både kaldt og skummelt, men me var tøffe agentar som talte utallige flaggermuser og fant bokstaver til rebusen. Arvid ringde med kirkeklokka for oss, og lyden i den var det ikkje noko å sei på. No var me skrubbsvolten og heldigvis hadde Jannike pølser og brød klar, noko som gjekk ned på høykant.   Gudstenesteverksted stod så på planen med maling av ny altertavle, dagens tekst blei dramatisert og bygd i lego, her set så vist ikkje fantasien grenser. Mange flittige hender klypte bønneblomster og skreiv fine helsingar inni dei. Dagen gjekk som ein røyk og før me viste ordet av det var det tid for å gå heim. 

Søndag møtte me før gudstenesta og øvde på Tårnagentsongen. Det blei ein flott gudsteneste med innslag av flinke tåragentar, to små jenter blei døypt og me fekk delta på bønnevandring rundt om i kyrkja. Etter gudstenesta var det høve til å få kjeks, saft og kaffi. Me takkar for lånet av flotte tårnagentar og ikkje minst alle frivillige og foreldre som hjelpte til slik at me fekk eit vellykka og trygg tårnagenthelg.  



16. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando