Lys vaken i Reksteren Kyrkje
Lys vaken i Reksteren Kyrkje

 

Alle 4. Klassingane i Tysnes kommune var invitert til Lys vaken helg i Reksteren kyrkje 8. og 9. oktober.

Det var 16 spente 4. klassingar som kom med sovepose, liggeunderlag, puter og kosedyr til Reksteren kyrkje  laurdag kveld.

Etter ei kort orientering om kva som stod på programmet var det tid for ein bli kjent med kvarandre leik. Etterpå var det tid for å bli kjent i kyrkja med Maritprest.

Det var imponerande kor mykje dei viste om kyrkjeromma og symbola. Dei fekk høyra forteljinga om Samuel som Gud ropte på og som vart lys vaken for Gud og hans bod.

Litt tid til å øva på inngangs salme og dans, før me tok på oss ytterkle, refleks, fann fram lommelykter og gjekk til Reksteren kultur og idrettsbygg.

Der servert Elin oss Taco som gjekk unna som «varm kveitebrød».

Marit Nancy med medhjelparar hadde ei intens treningsøkt med oss før me roa oss ned med koppemaling. På veg tilbake til kyrkja var det refleksløype og då var lommelykta god å ha,

stort sett alle refleksane blei funnen og rebusen blei i fellesskap løyst.

Etterpå blei det både snop og film før me gjekk ut og grilla marshmallows på bål, leikte og sendte opp ei lykt. Magisk.

Så var det til å finna soveplass, nokon låg under preikestolen og nokon i koret, ja til og med i alterringen fekk ein sova. Me fekk høyra ein liten god natt historie før roen senka seg.

Litt skummelt for enkelte av oss, men det var godt å vita at ansvarsfulle foreldre var nattevakter og passa på heila natta.

Ikkje kvar dag ein får ligga i ei kyrkja som i tillegg har «utedo».

Søndagen kom med rydding, frukost og øving til gudstenesta. Nokon øvde på tekst lesing , nokon på bønner og alle øvde inn song og trinn til inngongsprosesjonen og bretta papirfly til velsigninga.

Det var stas at foreldra, sysken og besteforeldre kom og fekk vera med på gudstenesta som var « vår»

Ei stor takk til alle frivillige og  foreldre som var med og bidrog til at det vart ei trygg og flott Lys Vaken helg.



16. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando