PILEGRIMSVANDRING
PILEGRIMSVANDRING

Pilegrimsvandring

Tysdag 6. september rett etter skulen, møtte elleve spente sjetteklassingar i Uggdal Kyrkje for å gå på pilegrimsvandring. Først fekk  dei informasjon om kva ein pilegrim er, pilegrimsmål og pilegrimsvandring før og no, før me gjekk ut og dei fekk utdelt kvar sin pilegrimstav som dei med liv og lyst spikka spiss på.  Før dei starta på Vandringa gjennom Myklestadskogen, fekk dei utdelt pilegrimspass til å visa fram om dei skulle møta på hindringar under vegs. Tema for vandringa var Guds skaparverk og pilegrimane skulle bruka alle sansane sine for å komma i nærleik til naturen og alt det Gud har skapt. Tilbake i Uggdal kyrkje blei det både mat og drikke, deling av opplevelse i vandringa og quis, før me avslutta med ei vandring gjennom bibelen.

 



18. februar 2018 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando