Tårnagenthelg
Tårnagenthelg

Laurdag 21. mai kom det 15 forventningsfulle agentar til Tysnes kyrkje for å løysa mysterier, gå på symboljakt, utforska kyrkja og leita etter flaggermuser i tårnet. Og flaggermus fann dei både levande og ikkje fult så levande, men alle blei talt og vel så det. Lensmannen kom på besøk og fortalt om kva som er viktig å tenkja på når ein agent skal leita etter spor, tilslutt blei politibilen utforska. Agentane blei kjent i kyrkjeskipet, fann mange symbol og  lærte betydningen av symbola. Dei øvde på tårnagentsangen, tekstlesing og drama til søndagens gudsteneste. Nokon malte eit heilt nytt flott altertavlebilde og andre lagde dagens tekst i lego. og sjølvsagt blei det hot dogs, saft og frukt.

I søndagens gudteneste deltok agentane med flott tårnagentsang, tekstlesinga gjekk kjempeflott og dei dramatiserte Paulus på veg til Damaskus. Ei flott helg med mange flinke agenter. 



14. august 2018 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando