Kyrkje-Bursdagsfeiring
Kyrkje-Bursdagsfeiring

Rundt 150 forventningsfulle born og vaksne vart møtt og ynskt velkommen av ein klovn då dei kom til kyrkje-bursdagsfeiring denne solfylte pinsedagen. Kyrkja var flott pynta med markblomster og ballongar i eldtungefargar. Dei som går i 2. klasse var spesielt inviterte, som ein del av trusopplæringa. Det summa godt i kyrkja, men då sokneprest Marit I. Espedalen sa "Lat oss vera tille for Gud", vart det dørgande stilt. Me kunne hørt den berømte knappanåla, om den hadde falt. Så tona Preludiumet "Hurra for deg"  ut i kyrkjetommet, Tysnes barnekor og Soul Children song fleire songar om glede og nestekjærlighet. Me fekk høyra historien om Maj og bestefar som tenkte ilag og fann ut kva pinsti egentlig er og betyr. Fleire langbord var duka til fest og borna sat tett itett og fekk kaker, hotdogs og saft. Dei vaksne fekk kaffi og ein matbete dei òg. Velsignelsen vart lest med ballongslepp frå preikestolen utover kyrkjelyden.Gudstenesta vart avslutta med at alle gjekk rundt kyrkja og song "Hurra for deg.

 



14. august 2018 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando